Gaustaløypa er ny-preparert i dag, heilt ned til Lysløypa
Postet av Turgruppe den 15. Mar 2019
Gaustaløypa er preparert med brei løypemaskin i dag, 15. mars 2019.
Her er eit par bilder frå jomfruløype ved Oterbekk i dag.
Det er kanskje ikkje alle som kjenner Gaustaløypa traseen heilt ned til Gransherad skule.
Tryjkk på link under, som viser løypa frå Bitringssnatten i Tuddal og til Gransherad skule, ca. 25 km, samme som "kort løype" under Gaustaløpet.
http://my.viewranger.com/track/details/OTkxNjI4Nw==
Her kan du zoome inn til temmeleg detaljert flyfoto., og sjå avstander, stigning, osv.
Du kan også velge andre kart-typer, for å få med høgde-koter.
Det greieste er å velge "Google Hybrid" for kart og "Km" for avstand, dersom det ikke kommer opp slik ved åpning.
For å komme inn på sporet frå Venås, så bør du gå inn til Veslero på Kålidalen, og så følge oppkjørt spor på skogsbilveg over 2 bruer og på sørsida / vestsida av Kåla tilbake, heilt ned til skulen.
Dette er ei morosam løype for store og små, kanskje særleg for små, som likar å løype.
Løypa kjem også inn på skogsbilveg til Rui eit kort stykke (ca. 500 m). Her blir det skogsdrift snart, tid ikkje bestemt heilt enda. Da blir denne delen kjørt med tømmer-lassbærer. Det er da kanskje lurt å ta av skia denne delen. Det er også ein mulighet for å komme over Kåla her, og inn på løypa. Avkjøring frå Venåsvegen litt før Rui / Venås. Men her er ingen avtale om parkering, så ikkje set att bilen her. Det vil i så fall kunne skape konflikt med tømmerdrift, og det ønsker me ikkje.
For å finne ut om og når løypene er preparert:
Gå inn på
http://skisporet.no/telemark/tuddal
Kålidalen frå Venås er med her, men ikkje traseen ned til Gransherad enda. Me (Gransherad Idrettslag) arbeider med å få det inn etter hvert, i alle fall til neste sesong.
Som de ser på Skisporet.no, så er det også preparert heilt frå Bitringsnatten i Tuddal, og det ser også ut som at det er preparert rundt Heddersfjell frå Gaustablikk-sida. Grunnen til at det er likevel er delvis grå-farget trase (for eksempel ved Heddersvatn), er truleg at løypemaskina her har kjørt utenom inntegna trase, pga. fortsatt litt lite snø i høgfjellet (avblåst og tina av føn-vind), eller av andre grunner.
Det er altså også ein fin mulighet til å ta Gaustaløpet trim kort løype i reprise eller for fyrste gong i morgo. Men må da ordne transport til Tuddal sjølv. Kan heller ikkje regne med masse publikum og jubelbrus ved målgang på skulen her, men det kan nå bli ein veldig bra opplevelse likevel.
Den som føler seg veldig sprek, kan jo kjøre til Gaustablikk og gå heimatt. Det bør gå greit. Har også snakka med Oddvar Hagen, som kjører løypemaskina. Han har hatt konkakt med Gaustablikk løypekjører og bekrefter at det er kjørt gjennom ved Heddersvatn, til tross for at Skisporet.no markerer noko anna.
Men det kan jo være fare for at det er attføyka, dersom det ikkje blir kjørt på nytt i morgo tidleg. Skisporet.no gjev svar i så måte.
Me arbeider også med å få finansiering til oppkjøring heile vinteren for Gaustaløypa heilt ned til Gransherad lysløypa, ikkje bare til renndagen for Gaustaløpet.
Årsmøtet i GIL, som var nå sist onsdag kveld, vedtok å finansiere preparering hver helg ut denne sesongen, så lenge føret tillater det. Veldig bra !!
Me håper da at folk i alle aldre nytter seg av dette tilbudet.
UT PÅ SKI I FJELL og LI! Jippi!
http://my.viewranger.com/track/details/OTkxNjI4Nw==
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Turgruppe
Ut på tur!
13.04.2024
Ny tur: Gamle Bolkesjøveg
27.09.2022
GIL Tur klippekort
19.06.2022
Premiering for bruk av turstiene.
19.06.2022
Mjaugetonuten og Nåpån turstier
19.06.2022
Turboka på Skorva er på plass i kassa igjen
19.01.2022