Turboka på Skorva er på plass i kassa igjen

Postet av Turgruppe den 19. Jan 2022

Turboka på Skorva har dessverre vori borte ei tid. Bra at det blir meldt når noko ikkje er som normalt.

Eg fann att boka på ei hylle under ufsa der ( har truleg vori nedsnødd i desember).  Fekk turka boka ganske bra, og la ho attende der ho hører heime (i kassa). Håper at boka har havna på utsida av kasse ved eit uhell, men er litt i tvil når eg ser at stadskiltet også har vori utsatt for uhell (sjå bildet).  Har nå fått skruva skiltet skikkeleg på plass att.

Det er lite snø, og fint å gå tur her, særleg dersom ein har brodder på skoa.

Når de gjeng i lysløypa så hald til sørlege side, slik de blir anmoda om på skilt som er satt opp. (sjå bilde under). 

God tur!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.